Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Tomannsbustader på Bjørk - tre av fire solgt!

Bjørkavegen, 6853 Sogndal
Pris fra
4 650 000 kr

Soverom

4

Eieform

Eier (Selveier)

Boligtype

Tomannsbolig

Gårdsnr.

101

Bruksnr.

58
Frode Bergum
Seljar
Prosjektet bygges av

Nordbohus Sogn AS

Nordbohus Sogn har lager og kontorlokaler på Kaupanger i Sogndal kommune. Me tek oss av alt innan bygg frå rehabilitering til nye bustader og offentlege prosjekt. Vårt nedslagsfelt er stort sett i Indre Sogn, men tek og på oss oppdrag i heile gamle Sogn og Fjordane.

Gå til forhandlersiden

Beskrivelse

Moderne tomannsbustader med fantastisk beliggenheit, EIN LEDIG

Velkommen til Bjørk på Kaupanger, der denne moderne tomannsbustaden ventar på å bli din nye heim. Denne sjarmerande eigedomen tilbyr ein unik kombinasjon av moderne komfort og naturskjønn beliggenheit.

  • Nyt den gode standarden på den moderne og nye bustaden
  • Skap din eigen stil med Sigdal sitt breie utval av kjøkken og baderomsinnreiing
  • Vel mellom flotte fargar på kjøkkenet, som også har praktiske detaljar med skap og skuffer, underlimt vask og avfallssortering
  • Gled deg over dei slitesterke og elegante klikkvinyl golva frå Kährs i alle rom utanom våtrom
  • Opplev komforten av lune badegolv og vegghengte toalett av typen Monolith
  • Nyt det lyse og luftige inntrykket av ferdigmalte plater på veggar og tak med kvite lister og foringar
  • Få eit lekkert bad/vaskerom med våtromsplater i ulike design
  • Energieffektiv vedomn med stålpipe  



Om bustaden:
Tomnnsbustaden er vist med to forskjellige planløysingar, ein med to soverom og ein med fire soverom. Det kan og vere mogleg å endre carporten til garasje om ein ynskjer det. Så her er det gode moglegheiter til å komme med eigne tilpasningar og ynskjer, og få akkurat den bustaden du vil.
No er den mot nord som er vist med to soverom solgt.

Første etasje:

  • Open planløysing med stove og kjøkken
  • Soverom
  • Bad
  • Vindfang
  • Carport med tilhøyrande sportsbod

Denne etasjen gjev deg eit lyst og opent rom for familieaktivitetar.

Underetasje:

  • Tre soverom
  • Vaskerom/bad
  • Bod

Perfekt for dei som ynskjer ekstra plass til gjester eller familie.

Uteområde:

  • Romsleg garasje med sportsbod: Trygg parkering for køyretøyet ditt, samtidig som sportsboden gir deg ekstra lagringsplass for utandørsutstyr og verktøy.
  • Nyt utelivet på din eigen terrasse: Slapp av med føtene høgt og nyt den fantastiske utsikten rundt deg.


Denne tomannsbustaden på Bjørk gjev deg moglegheita til å bu tett på naturen samtidig som du nyter moderne komfort. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Areal:
BRA: 139 kvm
BRA total: 154 kvm (inkl overbygd areal)
P-rom: 116 kvm

Kort avstand til alle fasilitetar:
Denne tomannsbustaden gjev deg eit idyllisk heim, samtidig som det berre er ein kort spasertur til sentrumsfasilitetar:

  • 500 m. til butikk
  • 500 m. til barnehage
  • 700 m. til bussholdeplass
  • 850 m til ViteMeir & SmakeMeir
  • 1000 m. til skule
  • 1100 m. til fotballbaner, pump track og frisbeepark
  • 24,5 km. til Hodlekve og Sogndal skisenter
  • 27 km. til Heggmyrane og Sogn skisenter


Kaupanger ligg midt i eit eldorado av stiar og fjellturar, både med sykkel, til fots og med ski på beina. Dette området gir deg eit fantastisk utgangspunkt for opplevingar gjennom alle årstider!

Fordeler med å kjøpe ny bustad:

Låg dokumentavgift
Du betaler kun 2,5 % i dokumentavgift av tomteprisen - ikkje av heile kjøpesummen som når du kjøper brukt bustad. Her kan det vere mykje å spare.

Ingen bodrunde
Du slepp hektiske bodrundar som kan vere med på å auke prisen vesentleg i forhold til kva den eigentleg er verd. Du kjøper til fastsatt pris.

Ingen oppussing
Alt er nytt! Du slepp uventa utgifter til oppussing og vedlikehald på mange år.

Låge bukostnader
Nye bustader er underlagd strenge krav til isolasjon og varmeattvinning etter dei nyaste byggjeforskriftene. Dette betyr energieffektive bustader som medfør låge kostnadar til oppvarming og som gir deg som forbrukar lågere månedlege kostandar.

Fem års reklamasjonsrett
Bustaden er bygd i forskriftsmessig stand. Du har fem års reklamasjonsrett på bustaden din. Nytt er nytt! Det at ingen har budd i bustaden før deg gjev ein heilt spesiell kjensle.