Hopp til hovedinnhold

Vedlegjerdet

Vedlegjerdsvegen 6856 Sogndal
Velkommen til Vedlegjerdet - eit roleg område på nedre Kjørnes. Frå dei nye bustadane i området vil du få panoramautsikt til fjord og fjell. Her på Vedlegjerdet er det byggd 8 romslege einebustader og 6 tomannsbustader der 2 av tomannsbustadane framleis er ledig
1 / 0

Enheter

2

Bruksareal (BRA)

69

Pris

3 770 000 kr

Boligtype

Tomannsbolig

Eierform

Selveier

Om prosjektet

Eit roleg område i bustadfeltet på nedre Kjørnes. Frå dei nye bustadane i området vil du få panoramautsikt til fjord og fjell. I tillegg gjev uteoppholdsareala rom for hyggeleg samvær med naboar - om ein ynskjer det. Med andre ord ein god stad å bu og veksa opp. Her på Vellegjerdet er det bygd romslege bustader, 8 einebustader og 6 horisontaldelte 2-mannsbustader.

Frå Kjørnes er det gangavstand til barnehagen og ungane vil få eit trygt og godt oppvekstmiljø. Sogndal sentrum, Fjøra, ligg kun 5 minutter køyring unna. Her ligg skulen, mange idrettsanlegg og andre aktivitetstilbod i tillegg til kino, kulturhus, kjøpesenter med meir. Kjørnes har gode bussforbindelsar med ringbuss mellom Fjøra og Kaupanger. I tillegg er det hyggeleg og trygt å ferdast til fots eller på sykkel langs lokalvegen frå Vikane, via gang- og sykkelveg til Loftesnesbrua, og så inn på Fjordstien - Sogndal sin nye attraksjon ved fjorden. Vellegjerdet har ei flott plassering ved Eidsfjorden og ligg idyllisk til med ulike typar naturopplevelsar rett utanfor døra. Det er fleire hyggelege turstiar i nærleiken og friområda ved fjorden gjev gode mogeleheiter for hygge og uteaktivitetar.

Er du glad i bading er det berre 5 minutt å gå til Vikane og 30 minutt langs tursti til Eidet som begge er populære offentlege badeplassar. På vinterstid er det enkelt å komma seg til skianlegg på både Hafslo og Hodlekve som begge ligg berre 20 minutt køyring unna. Ynskjer du større naturopplevingar er Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen, med alle sine moglegheiter mindre enn to timars køyring unna. Og om du vil å dra endå lenger, er flyplassen i Sogndal berre 20 minutt unna.

Nedre Kjørnes
Nedre Kjørnes ligg idylisk til ned mot fjorden, kun 5 minutt frå Sogndal sentrum

Enheter til salgs i Vedlegjerdet

Seksjon 821169 3 770 000 kr
Seksjon 1021169 3 770 000 kr
1 / 0

Kontakt oss

Jens Sigurd Hagen
Jens Sigurd Hagen
Seljar

Om utbygger

Nordbohus Sogn AS

Nordbohus Sogn har lager og kontorlokaler på Kaupanger i Sogndal kommune. Me tek oss av alt innan bygg frå rehabilitering til nye bustader og offentlege prosjekt. Vårt nedslagsfelt er stort sett i Indre Sogn, men tek og på oss oppdrag i heile gamle Sogn og Fjordane.

Gå til forhandlersiden

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding