Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Store rekkjehus med 4 soverom, 2 bad, god bodplass og eigen garasje sentralt i Sogndal.

Dalavegen 47 A, 6856 Sogndal
Pris fra
6 590 000 kr

Soverom

3 - 4

Eieform

Eier (Selveier)

Primærrom

127 - 134 m2

Gårdsnr.

23

Bruksnr.

311
Jens Sigurd Hagen
Bustadrådgivar
Prosjektet bygges av

Nordbohus Sogn AS

Nordbohus Sogn har lager og kontorlokaler på Kaupanger i Sogndal kommune. Me tek oss av alt innan bygg frå rehabilitering til nye bustader og offentlege prosjekt. Vårt nedslagsfelt er stort sett i Indre Sogn, men tek og på oss oppdrag i heile gamle Sogn og Fjordane.

Gå til forhandlersiden

Beskrivelse

LEIKGJERDET - Sentralt i Sogndal
Dette er første utbygginga av Leikgjerdet som består ev eit rekkjehus med 6 einheiter. Inneheld 3-4 soverom, 2 store bad, romsleg stove og kjøkken, garasje og fleire boder som gir mykje lagringsplass.
Her får du sentral beliggenheit kombinert med god lagringsplass og romsleg kommunikasjonsareal, som gjer at husa passar perfekt for den aktive familie som både treng plass, men samstundes ønskjer eit lettstelt husvære.
Husa er solvennleg plassert med utsikt mot fjøra og campus. Eit svært attraktivt miljø med skikkelig gang og sykkelveg. Her er det gang avstand til alle sentrum og skule funksjonar.
Bustadane har eigen garasje og ekstra store boder slik at ein får plass til sykkel, sli. kajakk og anna utstyr.

LEIKGJERDET - God standard

  • Nyt den gode standarden på dei moderne og nye bustadane
  • Skap din eigen stil med Sigdal sitt breie utval av kjøkken og baderomsinnreiing
  • Vel mellom flotte fargar på kjøkkenet, som også har praktiske detaljar med skap og skuffer, underlimt vask og avfallssortering
  • Gled deg over dei slitesterke og elegante vinyl golva frå Kährs i alle rom utanom våtrom
  • Opplev komforten av lune badegolv og vegghengte toalett av typen Monolith
  • Nyt det lyse og luftige inntrykket av ferdigmalte plater på veggar og tak med kvite lister og foringer
  • Opphaldsrom som stove, kjøkken og gang med moderne glatte overflater av malt gips i valfri farge
  • Få eit lekkert bad/vaskerom med våtromsplater eller flis i ulike design
  • Energieffektiv vedomn med stålpipe  

LEIKGJERDET - Gjennomtenkte rekkjehus

- Praktisk og romslege hus
- Tre eller fire store soverom
- Fleksibel planløysing
- Lys og luftig stove og kjøkken
- Fantastisk utsikt over Sogndal
- Kort veg til natur og friluftsliv
- To flotte uteplassar
- Stor garasje med lagringsplass og boder
- Kort veg til:

  • Barnehage
  • Skule
  • Idrettsanlegg
  • Butikk
  • Legesenter

LEIKGJERDET - Fordeler med å kjøpe ny bustad

Låg dokumentavgift
Du betaler kun 2,5 % i dokumentavgift av tomteprisen - ikkje av heile kjøpesummen som når du kjøper brukt bustad. Her kan det vere mykje å spare.

Ingen bodrunde
Du slepp hektiske bodrundar som kan vere med på å auke prisen vesentleg i forhold til kva den eigentleg er verd. Du kjøper til fastsatt pris.

Ingen oppussing
Alt er nytt! Du slepp uventa utgifter til oppussing og vedlikehald på mange år.

Låge bukostnader
Nye bustader er underlagd strenge krav til isolasjon og varmeattvinning etter dei nyaste byggjeforskriftene. Dette betyr energieffektive bustader som medfør låge kostnadar til oppvarming og som gir deg som forbrukar lågere månedlege kostandar.

Fem års reklamasjonsrett
Bustaden er bygd i forskriftsmessig stand. Du har fem års reklamasjonsrett på bustaden din. Nytt er nytt! Det at ingen har budd i bustaden før deg gjev ein heilt spesiell kjensle.