Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Toppleilegheit i Hanaskjeren, klar til innflytting

Tandla 6, 6868 Gaupne
Pris fra
4 690 000 kr

Soverom

3

Eieform

Eier (Selveier)

Boligtype

Leilighet

Gårdsnr.

77

Bruksnr.

63
Jens Sigurd Hagen
Bustadrådgjevar
Prosjektet bygges av

Nordbohus Sogn AS

Nordbohus Sogn har lager og kontorlokaler på Kaupanger i Sogndal kommune. Me tek oss av alt innan bygg frå rehabilitering til nye bustader og offentlege prosjekt. Vårt nedslagsfelt er stort sett i Indre Sogn, men tek og på oss oppdrag i heile gamle Sogn og Fjordane.

Gå til forhandlersiden

Beskrivelse

Hanaskjeren - idyllisk og med storslått natur
Gå det gode liv i møte i splitter ny leilegheit, midt i hjarte av Gaupne, med kort veg til både sentrum og naturopplevingar. Sett deg ned på din nye terrasse med føtene høgt, og med nedsenka skuldrar,og nyt utsikten. 

Leilegheitene i Hanaskjeren ligg idyllisk til med storslått natur og fantastisk solforhold. I nærleiken finn du både butikkar, kafe, sjukeheim og Lustrabadet, eit av Norges flottaste badeanlegg. Gaupne ligg i nærleiken av blant anna Jostedalsbreen, Sognefjellet/Jotunheimen og Urnes stavkirke - eit flott utgangspunkt for turar til alle årstider.

I Hanaskjeren bur du tett på naturen omgitt av fjell og fjorder - velkomen!

Leilegheiten

Lys og moderne leilegheit på eit plan med 3 soverom. Leilegheiten har ein romsleg og solrik overbygd terrasse med glasrekkverk. Her har du god plass til å invitere naboar, venner eller familie til eit sosialt lag. Leilegheitene får sportsbod på 5 kvm i samband med carport. Her kan du lagre sykkel, ski, fiskeutstyr og andre ting, som naturleg høyrer heime i ei god bod. Heis til alle etasjane.

God standard

  • Bustaden vert levert  med god innvendig  standard.
  • Kjøkken og baderoms-innreiing frå Sigdal
  • Kjøkken med slette frontar og blant anna med underlimt vask og avfallssortering.
  • Alle kvitevarer er inkludert
  • Alle golv  utanom våtrom med Kährs klikkvinyl.
  • Bad med våtromsbelegg på golv, og våtromsplater på vegger.
  • Kvite, glatte garderobeskap frå Sigdal på soverom.
  • Malte gipsplater på veggar og tak i tørre rom.
  • Varmepumpe

Leilegheit 3C

BRA 100,4 m - P-rom 97,0 m2

  • Stove
  • Kjøkken
  • 3 Soverom
  • Bad/Vaskerom
  • Gang
  • Bod
  • Terasse (24,4 m2 ikkje medrekna i areal)
  • Carport med bod (ikkje medrekna i areal)