Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Einebustad og 2M bustad sentralt på Kaupanger

6854 Kaupanger
Pris fra
4 650 000 kr

Soverom

4

Eieform

Eier (Selveier)

Boligtype

Tomannsbolig
Jens Sigurd Hagen
Bustadkonsulent
Prosjektet bygges av

Nordbohus Sogn AS

Nordbohus Sogn har lager og kontorlokaler på Kaupanger i Sogndal kommune. Me tek oss av alt innan bygg frå rehabilitering til nye bustader og offentlege prosjekt. Vårt nedslagsfelt er stort sett i Indre Sogn, men tek og på oss oppdrag i heile gamle Sogn og Fjordane.

Gå til forhandlersiden

Beskrivelse

Bjørk Nord
På Bjørk har me 3 tomter for sal. Me har her prosjektert inn fleire alternativ til hus som eit forslag til kva ein kan bygge på tomtene, både einebustad og tomannsbustad. Her kan du velje eit av husa me har teikna inn eller finne deg eit heilt eige hus som du likar betre. Hjå oss kan du velje hus ifrå katalog eller få teikna eit hus heilt etter dine eige ynskjer.
Tomtane ligg tett knytta opp til eksisterande bustadfelt med fantastisk utsikt over Kaupanger med fjorden med bleia i bakgrunnen. Alle tomtene er romslege og passar svært godt til barnefamiliar!
Her er kort veg til butikk, skule, barnehage og idrettsplass

Tomt A

Tomt A er den øverste av dei 3 tomtene. Her kjem det no ein tomannsbustad der den eine delen er solgt

2M bustad med carport
BRA: 154m2
P-rom: 116 m2
Pris: kr. 4.650.000 + omk.

Sjå og eiga finn annonse for denne bustaden

Tomt B

Her kjem ein tomannsbustad som no er solgt.
Prosjekterer på ein ny tilsvarande tomannsbustad på tomt A.
Ta kontakt for meir informasjon

Tomt C

Her har me prosjektert inn tre forslag til hus som er noko rimelegare enn dei på tomt A og B. Eit med inngangsparti og carport på oppsida og to med inngangsparti og carport/garasje på nedsida.

Alternativ 1 med garasje
BRA: 151,2m2
P-rom: 114 m2
Her har me lagt tilkomst, garasje og inngangsparti til nedsida av huset. Ein får da uteområdet på oppsida av huset mot vest, der ein vil få mest ettermiddag og kveldssol. Huset har totalt fire soverom, to bad, og ein teknisk bod med inngang frå garasjen. Veldig praktisk med direkte inngang frå garasjen.

Alternativ 2 med carport
BRA: 166,2m2
P-rom: 133,8 m2
Her har me lagt tilkomst, carport og inngangsparti til nedsida av huset. Ein får da uteområdet på oppsida av huset mot vest, der ein vil få mest ettermiddag og kveldssol. Huset har totalt 4 soverom, eit bad, ein WC og eit eige vaskerom. Inngangsparti nede i forbindelse med carport og sportsbod, gjer at ein kan gå tørrskodd frå bilen og inn i huset.

Alternativ 3 med carport
BRA: 205m2
P-rom: 138 m2
Her er carport og inngangsparti på oppsida av huset slik dei andre tomtene har. Huset har heile 4 soverom og 2 bad slik som Front huset. I 1. etg. er det eit stort soverom som ein eventuelt kan nytte som kjellarstove. Her er og carport med tilgang til romsleg sportsbod.

Pris for tomt: kr. 800.000
Tomtestørrelse: 665 m2
Pris med Alt. 1: kr. 5.490.000 + omk.
Pris med Alt. 2: kr. 5.730.000 + omk.
Pris med Alt 3: kr. 6.198.000 + omk

Overflater og kvalitet

Alle husa blir levert nøkkelferdige med alt av overflater og innreiing på kjøkken og bad. Alt av overflater kan du som kunde bli med å påvirke undervegs for å få huset akkurat slik du vil ha det.
På veggar og tak er det ferdigmalte plater. Her finst det mykje forskjelligt på markedet, og ein kan velje blant mange forskjellige fargar og mønster/profilar.
På golvet er det prosjektert klikkvinyl på tørre rom, mens det er golvbelegg på bad og teknisk rom. Bad og teknisk rom vil og ha baderomsplater på vegg.
På kjøkken har me valgt å få teikna opp forslag frå kvalitetskjøkkenet Rotpunkt og Sigdal. Her kan ein gjera individuell tilpassningar med kundekonsulent utan at det nødvendigvis kostar noko ekstra.