Om prosjektet
Eit roleg område i bustadfeltet på nedre Kjørnes. Frå dei nye bustadane i området vil du få panoramautsikt til fjord og fjell. I tillegg gjev uteoppholdsareala rom for hyggeleg samvær med naboar - om ein ynskjer det. Med andre ord ein god stad å bu og veksa opp. Her på Vellegjerdet er det bygd romslege bustader, 8 einebustader og 6 horisontaldelte 2-mannsbustader.
Frå Kjørnes er det gangavstand til barnehagen og ungane vil få eit trygt og godt oppvekstmiljø. Sogndal sentrum, Fjøra, ligg kun 5 minutter køyring unna. Her ligg skulen, mange idrettsanlegg og andre aktivitetstilbod i tillegg til kino, kulturhus, kjøpesenter med meir. Kjørnes har gode bussforbindelsar med ringbuss mellom Fjøra og Kaupanger. I tillegg er det hyggeleg og trygt å ferdast til fots eller på sykkel langs lokalvegen frå Vikane, via gang- og sykkelveg til Loftesnesbrua, og så inn på Fjordstien - Sogndal sin nye attraksjon ved fjorden. Vellegjerdet har ei flott plassering ved Eidsfjorden og ligg idyllisk til med ulike typar naturopplevelsar rett utanfor døra. Det er fleire hyggelege turstiar i nærleiken og friområda ved fjorden gjev gode mogeleheiter for hygge og uteaktivitetar.
Er du glad i bading er det berre 5 minutt å gå til Vikane og 30 minutt langs tursti til Eidet som begge er populære offentlege badeplassar. På vinterstid er det enkelt å komma seg til skianlegg på både Hafslo og Hodlekve som begge ligg berre 20 minutt køyring unna. Ynskjer du større naturopplevingar er Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen, med alle sine moglegheiter mindre enn to timars køyring unna. Og om du vil å dra endå lenger, er flyplassen i Sogndal berre 20 minutt unna.