Ladstein Bygg AS - Den lokale serviceverksemda innan bygging!
Firmaet er grunnlagt i etterkrigsåra av Sigmund Ladstein og har blitt forma og vakse i takt med lokalsamfunnet sine behov. Det som var Finnøy kommune er lune og produktive øyar der primærnæringane er dominerande næringsveg. Firmaet hadde fyrst tilhald i dei gamle sardinfabrikken i Steinnesvåg og bygde der trelastlager som fyrst var kommisjonslager for H. Øgreid & sønner i Stavanger. i 1979 vart det bygd nytt lager og kontorbygg på 1,3mål og opparbeidd stort utelager inst i Steinnesvågeb. Firmaet vart etablert som aksjeselskap i 1983 og då namnet Ladstein Bygg as. Sidan 1996 var vi del av Byggmakker for sal av byggevarer og med eigen lastebil leverte vi byggevarer til øyane rundt Finnøy. Som forhandlar av Nordbohus frå 1998 stod firmaet for mange byggeprosjekt som påbygg sjukeheim Judaberg, oppveksenter Ombo, men også byggjefelt som Svennastykket Kindingstad, Liane Fogn, Storehamn2 i Steinnesvåg, Faahagen 1 og 2 på Judaberg. Seinare vart imidlartid investeringane i byggjefelt stadig større og frå 2010 med utbygging av 29 bustadar i Hagatunet gjekk inntening ned og med fleire trege prosjekt som Judaberg Brygge, Faa Brygge, Golhaug, Vardnes og Holmastø vart den økonomiske belastninga for stor og selskapet måtte diverre søke utanomrettsleg rekonstruksjon i 2023. Firmaet står nå att utan eigedomen i Steinnesvåg der opphavleg drift vart bygd opp men står vidare som byggefirma og del av Nordbohus.