Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Kalkarteig - Sentrumsnære einebustader i landlege omgivelsar

Barsnes 73, 6856 Sogndal
Pris fra
7 790 000 kr

Soverom

4

Eieform

Eier (Selveier)

Boligtype

Enebolig

Gårdsnr.

3

Bruksnr.

96
Jens Sigurd Hagen
Bustadrådgivar

Beskrivelse

Einebustader i landlege omgivelsar med kort veg til sentrum!

Velkommen til Kalkarteig på Barsnes, kun 2,5km frå Sogndal sentrum. Kalkarteig ligg landleg til like ved fjorden. Her er det stilt og fredeleg med fjord og nydeleg natur like utanfor døra. Her kan du sykle til sentrum eller kanskje finne fram kajakken og padle til sentrum ein fin sommardag. Det er og eit glimrande utgangspunkt for mange flotte turar i nærområde.

Her har me fem einebustadtomter for salg der me no er igang å bygge tre arkitektteikna einebustader. Huset er ein tilpassa versjon av huset Astro som er eit veldig populært hus frå Nordbohus.

I vår tilpassa versjon er det 4 store soverom, stort vaskerom i underetasjen og 2 store bad. Om ein ikkje har behov for 4 soverom kan ein nytte det eine til kjellarstove med utgang til overbygd terrasse.
På hovudplanet er det ei romsleg stove og kjøkkenløysning. Det er godt lysinnfall i rommet, med gjennomgående lys.
Frå stove/kjøkken har ein tilgang til 2 uteplassar. Utanfor stova ventar ein trivelig veranda som er delvis overbygd som er perfekt til å nyte morgonkaffien, sjå på utsikta til fjorden og ta inn den friske lufta. Over garasjen er ein større altan som og heng saman med terrenget bak huset. Her er det god plass til å samle familie og venner til grilling ein varm sommardag.
I garasjen blir det plass til både bil, sykkel og det som trengs av utstyr i kvardagen. Her er og direkte inngang til vaskerommet, så ein kan gå tørrskodd frå bilen og inn i huset ein regnfull haustdag.

Første etasje:

  • Open planløysing med stove og kjøkken
  • Soverom
  • Bad
  • Utgang til to terrassar

I stova er det mønt himling og høge vindauge som gir mykje lys

Underetasje:

  • Tre soverom
  • Gang og vindfang
  • Bad
  • Vaskerom
  • Garasje med inngang til vaskerom
  • Takoverbygd inngangsparti

KALKARTEIG - Einebustader med god standard

Huset blir levert nøkkelferdig med alt av overflater og innreiing på kjøkken og bad. Alt av overflater kan du som kunde bli med å påvirke undervegs for å få huset akkurat slik du vil ha det.

  • Nyt den gode standarden i ein heilt ny og moderne bustad
  • Standar kjøkken frå Sigdal med sitt breie utval av kjøkken og baderomsinnreiing
  • Vel mellom flotte fargar på kjøkkenet, som også har praktiske detaljar med skap og skuffer, underlimt vask og avfallssortering
  • Gled deg over dei slitesterke og elegante vinyl golva frå Kährs i alle rom utanom våtrom
  • Opplev komforten av lune badegolv og vegghengte toalett av typen Monolith
  • Veggar og tak med moderne glatte overflater av malt gips i valgfri farge
  • Få eit lekkert bad og vaskerom med våtromsplater på vegg. På golvet blir det flis på badet mens det blir belegg på vakreommet.
  • Energieffektiv vedomn med stålpipe

Pris

Me er no godt igang med husa på tomt BF3 og BF4. Huset på tomt BF5 er speilvendt frå dei to andre og vil få terrasse på begge sider som vist på vedlagte illustrasjonar. Dette huset er ikkje starta på enda, så her kan ein og vere med å påvirke huset og romløysingar.

Prisar
BF3: kr. 7.790.000 + omk.
BF4: kr. 7.850.000 + omk.
BF5: kr. 7.990.000 + omk

Fordeler med å kjøpe ny bustad:

Låg dokumentavgift
Du betaler kun 2,5 % i dokumentavgift av tomteprisen - ikkje av heile kjøpesummen som når du kjøper brukt bustad. Her kan det vere mykje å spare.

Ingen bodrunde
Du slepp hektiske bodrundar som kan vere med på å auke prisen vesentleg i forhold til kva den eigentleg er verd. Du kjøper til fastsatt pris.

Ingen oppussing
Alt er nytt! Du slepp uventa utgifter til oppussing og vedlikehald på mange år.

Låge bukostnader
Nye bustader er underlagd strenge krav til isolasjon og varmeattvinning etter dei nyaste byggjeforskriftene. Dette betyr energieffektive bustader som medfør låge kostnadar til oppvarming og som gir deg som forbrukar lågere månedlege kostandar.

Fem års reklamasjonsrett
Bustaden er bygd i forskriftsmessig stand. Du har fem års reklamasjonsrett på bustaden din. Nytt er nytt! Det at ingen har budd i bustaden før deg gjev ein heilt spesiell kjensle.