Stort og sentralt LUN-hus
Orginalt har LUN-huset kjøkken og hovudstove i første etasje, men dei valde å ha det i andre etasje. Det var for å få nyte mest mogeleg av utsikta frå dei store glasa.
Her trivast og ungane Natalie, Robin og Sebastian godt. Dei har kort veg til skule og aktivitetar, store soverom alle tre og god uteplass med trampoline. På kjøkkenet har dei ei stilig øy med sitteplassar til heile gjengen, og lagringsplass i begge endar. Her valde dei å ha ei lukka løysing mellom stove og kjøkken, noko dei er godt fornøgde med!
Sidan det er eit krav å ha to bustadeiningar når ein bur så sentralt, har huset også ei utleige leilegheit. Dette har dei løyst ved å ha leilegheita litt for seg sjølv, under garasjen. Det er både for å lydisolere og unngå å ha den i sjølve huset.
Dette er eit verkeleg flott hus med god plass og sentral beliggenhet - alt ein kan drøyma om! Me takkar for ei kjekk omvising i dette nydelege huset!