Hopp til hovedinnhold
Nydelig utsikt mot vann og fjell

Kundeomtale

Tor Gunnar og Lise har valt å byggje dette flotte Aurora-huset på Hafslo. Me tok ein liten prat med dei nybakte huseigarane.

Grunnen til at me valgte å byggje hus her på Hafslo , var lokaliseringa. Hafslo er sentralt i forhold til Sogndal, og det er ein fin plass å bu med tanke på våre arbeidsplassar. Me har også nær familie i nærleiken.

Me ynskte å bruke Nordbohus Sogn, då me hadde høyrt mykje positivt om dei, samstundes som me hadde kjennskap til Nordbohus ifrå vår tidlegare bustad.

Me fall for husmodellen Aurora med bakgrunn i at me likte planløysinga og storleiken på huset. Me ynskte mogelegheita til å ha fleire soverom, samt ei kjellarstove. Dette er noko me fekk til med Aurora-modellen.

Me har endra ein del ut i frå dei originale teikningane. Husmodellen gav oss moglegheita til å gjere ganske mange endringar. Ein kan nok kjenne igjen stove- og kjøkken-løysinga ut frå dei originale Aurora-teikningane, men det meste anna har me snudd litt på.

Tor Gunnar er mest fornøgd med grovinngangen og at det er direkte utgang ifrå vaskerommet i kjellaretasjen. Lise er veldig fornøgd med både storleiken og romløysinga generelt i huset.

Det har vore svært greitt å forholde seg til Nordbohus-teamet som har vore her og jobba på huset. Me skulle eigentleg byggje på ein annan plass, så me har hatt god kontakt med Nordbohus-gjengen heilt sidan 2015. Det har vore veldig greit å forholde seg til både seljaren under salgsprosessen, og byggjeleiar under byggjeprosessen.

Me er godt fornøgde med både huset og heile prosessen, og vil heilt klart anbefale Nordbohus Sogn til andre som ynskjer å byggje seg hus.

Romslig hall med fin grå farge på veggenHvitt kjøkken med plass til spisebordStilig bad med store grå fliser på veggene