no-nordbohus-sogn
article

Fjord og fjell så langt ein ser
På Neshøgdi, 4 km innanfor Gaupne, ligg dette majestetiske SCORPIO-huset. Her bur Glenn Joar og Ina Kristin med sine to små born.
Dei har ei nydeleg opparbeidd tomt, med god plass til trampoline, ekstra utestove og flott altan.

Dette var den einaste tomta på Neshøgdi der det var plass til SCORPIO-huset dei hadde bestemd seg for. Med litt flaks så fekk dei denne tomta. Det store huset rommar mykje; to bad,gjestetoalett, tre stover , fire soverom og to balkonger , i tillegg til ei utestove. Huset kan også by på ein av dei vakraste utsiktene ein finn i Norge. Med fjord og fjell så langt ein ser, er det lite å klage på her. Det er også lunt og stille rundt huset deira då dei har hovud-vegen eit godt stykke bak huset.

Me takkar for omvising og kjekk prat i det flotte huset!



